tirsdag 10. juni 2008

hetroflau!

På festplassen i går appellerte bl.a biskop Ole D. Hagesæther, Nina Karin Monsen og Øivind Benestad, samt politikare frå KfF og FrP mot den nye ekteskapslova. Der var også musikkinnslag, med tekstar som: mor og ein far, eg er så gla eg har ei mor og ein far, elsker alle elsker her og der. Nokre ting som blei sagt, fritt frå hukommelsen: " Kva blir det neste? at 3 og 4 eller 5 stk kan gifte seg?" "Skal ein bytte ut ei mor med en mann eller en far med ei kvinne, er ikkje mor og far viktigare enn det?" " Eg vil at mine ungar skal vokse opp i ei verd der ei mor og ein far er grunnlegande, for det er eit grunnleggande behov for eit barn og ha ein av kvart kjønn."

Eg stod berre å venta på at dei skulle sei "haha Mari vi berre kødda med deg! Krf og Frp var berre for å sjå om du trudde at folk kunne vere så trangsynte"
Då hadde eg vert meget lukkleg. At voksne respekterte mennesker kan stå slik å diskriminere sine medmennekser på det groveste er heilt utrulig! Skal vi nekte avholdspersoner å gå på utested for det er berre for folk som drikk alkohol? Skal vi nekte vegetarianera å gå på steakhouse? Kva vil kristne tape på at to jenter eller gutar kan kalle seg for ektefeller? Og kvfor vil dei heller at ungar i den tredje verda skal svelte ihjel istaden for å ha det bra her med to mødre eller fedre? Er dei redd for at det smittar? Om homofile adopterar vil ungane straks bli homofile sjølv og heile verda vil bli folketom? Eller at alle kvinner finn det for godt å liksågodt gifte seg med ei jente, for det verka det og som dei var veldig redd for i går" då kan jo hetrofile av same kjønn gifte seg også" fysj, tenk så gale...! kan ikkje kristenfundamentalistane berre bestem kva svarten dei vil i sitt "perfekte" samfunn, så kan vi andre gjer det vi vil, gifte oss med kven vi vil når vi vil !?

Dei seie tru kan flytte fjell....

1 kommentar:

Unknown sa...

grattis med blogg og hurra for innlegget!
ORD!