Eg, som så mange andre av norges befolkning er med i GallupPanelet, der eg i går fekk ei spørreundersøking på mail. Eg opna mailen og fekk vite at detta skulle handle om intimhygien, skeptisk begynte eg på spørsmåla. Først var det ulike intimsåper som dei lurte på om eg hadde høyrt om eller brukt og kva eg synest om dessa. Det fortsatte med glidemiddel som Asan skulle få ut på marknaden, eg måtte lese gjennom kva dei skreiv om produktet og svare på om det blei interessant å kjøpe det. Med eit augenbryn litt høgare oppe svarte eg på detta og, men så kom dei heilt fantastisk utrulege spørsmålet om farging av hår..intimhår.. Der dei igjen hadde skreve nokre setningar om produktet og spurte om dette hørtes interessant ut.. eh, nei.. "Hvorfor er ikke dette produktet av interesse?"Det lovde jo faktisk ein vakker glans og god lukt. Vel, uansett kor fantastisk ein hadde rosa intimhårfarge kunne det ikkje falt meg inni halvsvime å kjøpt det! Eg visste ærleg talt ikkje at det fantes engang. Finnes det intimfrisører? Går det an å ta nokre highlights mellom beina? Kan ein få rosa hanekam? Finnes det mennesker der ute som faktisk kjøper dette? Kanskje det snart kjem i daglegvare butikkane; ost, melk, smør, kjøttdeig og intimhårfarge..
Neitakk. Parce que je le vaut bien.
onsdag 26. november 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar